Førde, 10.05.2010
NVE
Konsesjonsavdelinga
Postboks 5091 Majorstua
0301 OSLO
Høyringsfråsegn: E-CO Vannkraft AS – Melding om planlagt overføring av vatn til Viddalsmagasinet for skredsikring i Flåmsdalen
Vi viser til høyringsbrevet dykkar av 27.01.2010 og til Meldinga som vi har lasta ned via internett.
Om Sogn og Fjordane Turlag:
Sogn og Fjordane Turlag (sjå www.turistforeningen.no/sognogfjordane) er eitt av Den Norske Turistforening sine 56 medlemslag, og fylkeslag for 16 lokale lag spreidd over heile fylket. Medlemstal pr. 1.5.2010: 4.781.
Generelt om skredsikrings- og kraftutbyggingsplanane i området:
Dessverre har vi ikkje god nok kunnskap om skredfaren i Flåm til å kunne uttale oss med fagleg tyngde, men ut frå sakspapira og anna informasjon, ser det ut som skredfaren i området er høgst reell. Særleg viss det går eit ras direkte i fjorden og lagar ei stor flodbølgje, er skadepotensialet svært, svært stort. Eit kjemperas i turistsesongen kan i verste fall føre til fleire tusen omkomne, og sjølv utanom sesongen kan det bli eit firesifra tal omkomne. På ei einaste ulukke i Flåm kan det bli fleire omkomne enn det samla talet på omkomne i alle slags skredulukker på heile 1900-talet. Dette er altså ei sak som må handsamast med det aller største alvor, og det må brukast den aller beste kompetansen som er tilgjengeleg i Noreg, og kanskje også frå utlandet, Canada, der det er opplyst at dei har erfaring med slike prosjekt.
Med tanke på det store alvoret i denne saka, finn vi det prinsipielt svært betenkeleg at det er eit kraftutbyggingsselskap som skal ha ansvaret for å greie ut saka. Vi har ingenting imot at E-CO Vannkraft AS greier ut dei vanlege, tradisjonelle, reint kraftutbyggingsrelaterte sidene av saka.
Men dei rassikringsrelaterte sidene meinar vi det er NVE v/Skredsikringsavdelinga som må ta seg av. Den faglege vurderinga av tiltaka på dette området må det vere NVE som har det heile og fulle ansvaret for! Dette inkluderer at det er NVE som både peikar ut, og er oppdragsgjevar for fagfolka som vert brukte, og det må vere Staten som finansierer arbeidet! Å overlate dette til ein privat utbyggar som i stor grad har profittmotiv, er etter vårt syn ikkje forsvarleg sett i høve til det store skadepotensialet som er inne i biletet ved eit eventuelt stort ras!
Er Viddalsmagasinet del av det samla problemet?
På side 8 i punkt 1.1 i Meldinga er det mellom anna opplyst at: ”Vanntrykket i fjellet er avgjørende for stabiliteten i fjellpartiet. Ved å lede bort vann fra bekkene Joasete, Stampa og Gudmedøla vil vanntrykket i fjellet bli redusert, og stabiliteten i fjellsiden vil øke. En overføring av vann i tunnel er eneste aktuelle fysiske tiltak, og det vil være nærliggende å overføre vannet til Viddalsmagasinet.”
Vi finn det svært sannsynleg at vasstrykket i fjellet er viktig for stabiliteten, men vi er ikkje einige i at det er sikkert at overføring av vatn i tunnel er det einaste aktuelle fysiske tiltaket. Sett frå E-CO Vannkraft AS sin synsstad, er nok dette rett, men det er ikkje sikkert at det er rett om ein ser problemet frå ein meir nøytral synsstad. Det er derfor det er så viktig at det er NVE som har ansvaret!
På side 11 i punkt 2.3 i Meldinga står det mellom anna: ”Fjellmassivet mellom Viddalsmagasinet og Aurlandsfjorden består i hovedsak av fyllitt som er i bevegelse.”
Og i punkt 2.2 på same side står det mellom anna: ”Fra man begynte med skriftlige nedtegnelser, er det rapportert om at det i årene 1793, 1807, 1924, 1979, 1982, 1999, 2000 og 2001 har inntruffet vekselvis jordskred, fjellskred og steinsprang i Flåmsdalen.”
Det går her fram at den problematiske ”fyllitt som er i bevegelse” går heilt inn til Viddalsmagasinet! Då er det vel sannsynleg å rekne med at den største kjelda til auka vasstrykk i fjellet er Viddalsmagasinet når det er oppfylt? Både i botnen av, og oppover (den her aktuelle) vestsida av magasinet er det vel all grunn til å rekne med at det er ei rekkje sprekker i fjellet som fører til at ein heil del vatn frå magasinet sig ut i det ustabile fjellmassivet mot nordvest? I og med at reguleringshøgda er så stor, vil vel både trykket frå vatnet og flata der det kan vere sprekker, vere stor? Kanskje er det Viddalsmagasinet, om lag 8 km langt, og djupt, i alle fall i nordenden, som er hovudproblemet, medan dei elvane det er aktuelt å overføre, er eit mindre (men sikkert også viktig) problem???
Vi presiserer: Vi har ikkje kunnskap nok til å kunne påstå at det er slik, men vi føler at det er all grunn til å stille spørsmålet! Det at heile 5 av dei 8 hendingane som er omtala i punkt 2.2 har skjedd etter at Viddalsmagasinet vart bygd, gjer at det er enda større grunn til å spørje! Så får fagfolk, som NVE har utpeika, og som er fullstendig uavhengige av E-CO Vannkraft AS, vurdere om det er grunn til å stille spørsmål ved om Viddalsmagasinet er del av det samla problemet.
Tidspunktet for Vilkårsrevisjon for Aurlandsutbygginga, inklusive Viddalsmagasinet, er 26.09.2019, ifølgje NVE sine nettsider. Viss fagfolk sine vurderingar viser at Viddalsmagasinet er ein del av problemet med det ustabile fjellmassivet i Flåm, er det all grunn til at ein seinast i samband med vilkårsrevisjonen, fullstendig opphevar løyvet til regulering i Viddalsmagasinet, og i staden fører vasstanden i dei vatna som tidlegare var der magasinet no er, attende til maksimum det den var naturleg før oppdemminga. Kraftverket vil sjølvsagt kunne drivast framleis, men då som eit reint elvekraftverk og ikkje som eit magasinbasert kraftverk. (Eventuelt med ei ganske lita regulering, ved at det tidlegare Viddalsvatnet kan bli tappa ned til under det som tidlegare var den naturlege vasstanden.) Overføringa av elvar til det opphavelege Viddalsvatnet (i staden for til Viddalsmagasinet,) kan sjølvsagt framleis gjennomførast slik som skissert i Meldinga, og bidra til ytterlegare å redusere rasfaren i Flåm – viss fagfolka vurderer dette som eit godt tiltak! Det er også godt mogeleg at fleire elvar bør takast inn og at eventuelle vassårer som renn inne i fjellet også bør drenerast over til Viddalsvatnet, eller ut i Flåmsdalen eller fjorden. Dette har ikkje vi kunnskap til å seie noko sikkert om. Kanskje finst det teknologi som gjer det mogeleg å kartlegge vassårer inne i fjellet? I så fall er det vel også mogeleg å kartlegge skilnader mellom når Viddalsmagasinet er fylt opp og når det er nedtappa?
Det er overmåte viktig at ein legg ei heilskapsvurdering til grunn, der alle slags tiltak for å redusere rasfaren, også fjerning av Viddalsmagasinet, vert vurdert! Dette må vere ein viktig del av den delen av konsekvensutgreiingane som NVE har det heile og fulle oppdragsansvaret for!
Utbyggingsløysingar som må vurderast:
Nokre synspunkt på utbyggingsløysingar som må vurderast. Fleire alternative variantar av utbyggingsløysingar er heilt sikkert aktuelle, avhengig av resultata av dei faglege vurderingane – både dei utbyggaren har ansvaret for, og dei NVE etter vårt syn bør ha ansvaret for.
Kommentarar til konsekvensutgreiingsprogrammet:
Dei viktigaste kommentarane til det som må utgreiast - og ikkje minst kven som skal ha ansvaret for utgreiingsarbeidet - har vi alt kome med tidlegare i fråsegna. Ei god utgreiing av korleis rasrisikoen kan reduserast, er umåteleg viktig i denne saka!
For oss er utgreiing av konsekvensane for friluftsliv også viktige. Det er ei rekkje turruter oppe i fjellet, noko som til dels går fram av kartet. Spesielt vil vi nemne Rute 04-03 på side 135 - 137 i fylket sin ”turbibel”, boka ”OPPTUR 267 fotturar i Sogn og Fjordane” av Anne Rudsengen, utgitt på Selja forlag. Ruta startar like sør for Aurland (i retning Flåm) og går via Hovdungo til Blåskavlavarden. Derifrå går hovudruta vidare til Viddalsmagasinet, medan ei alternativ rute går via Ramnanosi og ned Gudmedalen. Minst mogeleg synlege inngrep er viktige for turopplevinga.
Ei grundig utgreiing av alle sider av biologisk mangfald, inklusive avbøtande tiltak, er også viktig i denne saka.
Sakshandsamar hos oss er underskrivne, tlf. 57 82 69 05, E-post: alvar-m@online.no.
Venleg helsing
SOGN OG FJORDANE TURLAG
Naturvernutvalet
Alvar Melvær (sign.)
leiar