Førde, 26.03.2010

 

NVE

Konsesjonsavdelinga

Postboks 5091 Majorstua

0301 OSLO

 

 

 

Høyringsfråsegn: Gravdal Kraft SUS – Søknad om løyve til å byggje Gravdal kraftverk i Førde kommune, Sogn og Fjordane

 

Vi viser til konsesjonssøknaden datert 01.02.2010, med vedlegg, som er lasta ned frå NVE sine nett­sider. Høyringsfråsegna vår er basert på konsesjonssøknaden med vedlegg, på samtaler med lokal­kjende, på eige ganske godt kjennskap til området, og på informasjon henta via internett.

 

Om Sogn og Fjordane Turlag:

Sogn og Fjordane Turlag (sjå www.turistforeningen.no/sognogfjordane) er eitt av Den Norske Turistforening sine 56 medlemslag, og fylkes­lag for 16 lokale lag spreidd over heile fylket. Med­lems­tal ved årsskiftet: 4.712. Gravdal kraftverk ligg i Indre Sunnfjord Turlag sitt arbeidsområde.

Sjå: http://www.istur.no/.

 

Om friluftsliv i det aktuelle området:

Utbygginga skjer i nærområdet til sentrum i Førde kommune, noko som gjer at den må vurderast kritisk, men dette området er ikkje mellom dei viktigast nærturområda i Førde. Indre Gravdalsgilet, til dømes, er mykje viktigare, men det blir ikkje påverka. Dei mest aktuelle turmåla i området er:

 

Dei 3 rutene/turmåla er aktuelle for Indre Sunnfjord Turlag sine onsdagsturar, og dei to stølane, spe­sielt Ulltangestølen, er aktuelle Barnas Turlag-turar, men dei har vore lite brukte til no. Rutene/tur­måla er nok mest aktuelle for lokale turar med utgangspunkt i byggefelta på og oppover mot Ulltang. Dessverre kjenner vi ikkje omfanget av bruken, men vi reknar med at for slike lokale turar er skogs­vegane i området, som både går langs og kryssar Tverrelva, ganske mykje brukte. Men det er berre på svært korte strekk at desse turrutene på skogsvegane (og i terrenget for stien til Grav­dalsstølen) kjem i konflikt med utbygginga.

 

Førde Kajakklubb er aktive, og det er ein heil del ”stille ferdsel” på fjorden. For dei som ferd­ast der, vil bortfallet (nesten) av elva som landskapselement, opplevast som negativt. Dessutan er det viktig at kraftstasjonen vert godt lydisolert, slik at den ikkje blir opplevd som altfor negativ av padlarane. ”Naturens stillhet” er viktig for dei som ferdast med kajakk, (men vanskeleg å oppnå pga biltrafikk).

 

Oppsummering: Utbygginga er ein del i konflikt med friluftsinteressene, særleg reint lokalt og for pad­lar­ar, men vi vurderer konfliktnivået som lågt nok til å vere innanfor det vi vurderer som aksepta­belt. Den øvste delen av utbyggingsområdet ligg i eit FRIDA-registrert lokalt viktig friluftsområde.

Kommentarar til utbyggingsplanane:

Slukevna for den planlagde kraftstasjonen varierer mellom maksimum 185% og minimum 13% av middelvassføringa. Dette må i dag karakteriserast som ei nokså normal vassutnytting.

 

Reguleringar og overføringar: Generelt er vi litt kritiske til slike ”tversover-overføringar” som det her er snakk om mellom elva i Ytre Gravdalsgilet og Tverrelva. Men vi ser at det feltet som blir over­ført er nesten like stort som nedbørfeltet i Tverrelva, slik at overføringa truleg er avgjerande for at pro­sjektet kan gjennomførast. Samstundes er området der overføringa skjer, nokså lite brukt. Med bakgrunn i dette, finn vi overføringa akseptabel i dette tilfellet.

 

Inntak: Inntaket ligg like ved ein av dei skogsvegane som truleg er mest brukte for friluftsliv. Vi ber derfor om at det blir gjort ”pent arbeid”, slik at inntaket ikkje blir opplevd som altfor negativt av dei som passerer. Meirkostnaden med dette blir truleg ubetydeleg samanlikna med total prosjektkostnad.

 

Røyrgate: Vi har ingen merknader til røyrgatetraseen.

 

Kraftstasjonen: Vi har ingen merknader til plasseringa med utslepp i den naturlege osen, men ser at den kan vere utfordrande. (Men det er ikkje ”vårt problem”.) Det er gledeleg med god lyd­iso­lering, og vi ber i den samanhengen om at det også vert teke omsyn til den ”stille ferdsla” på fjorden.

 

Vegbygging: Når det gjeld vegen i traseen for overføringsrøyret frå Ytre Gravdalsgilet til Tverrelva, ber vi om at den etter utbygginga vert omgjort til ”køyresterkt terreng” eller ein ”grøn veg”, og at det vert lagt ekstra stor vekt på å tilpasse vegen til naturen. Ein slik veg vil vere ein fullt ut tilfredsstil­lan­de traktorveg for uttak av skog og for å kome fram til inntaket i Ytre Gravdalsgilet. Samstundes kan den bli i alle fall ganske bra tilpassa naturen, slik at inntrykket av inngrepa vert dempa.

 

Kraftlinjer: Jordkabel fram til det eksisterande 23 kV-nettet er bra!

 

Kommentarar til verknadane av utbygginga:

Hydrologi: Slik vi tolkar konsesjonssøknaden, skal det berre sleppast minstevassføring, 25 l/s heile året, over inntaksdammen i Tverrelva, medan det ikkje skal sleppast noko som helst forbi inntaket i Ytre Gravdalsgilet. Det siste vurderer vi som ikkje tilfredsstillande, spesielt ettersom ein har naturty­pen bekkekløft lenger nede i elva. For å ta vare på livet i elva og i bekkekløfta, ber vi NVE vurdere å pålegge minstevassføring også i overføringsinntaket i Ytre Gravdalsgilet. Vårt framlegg er at det der vert slept 20 l/s heile året, ettersom nedbørfeltet er litt mindre enn for Tverrelva. Samla minstevass­føring forbi dei to inntaka, vil då ligge omlag på 5-persentilen heile året. Vi nemner at det i Bio­log­isk mangfald-rapporten er tilrådd høgre minstevassføring om sommaren.

 

Biologisk mangfald og verneinteresser: Vi finn det lite sannsynleg at utbygginga ikkje skal ha ne­ga­tive konsekvensar for bekkekløftdelen av den lokalt viktige naturtypen ved Tongagjelet. Etter­som det, slik vi tolkar søknaden, ikkje er gjort framlegg om minstevassføring i den elva som renn der, vil heller ikkje skadeverknadane verte avbøtte av minstevassføring. Det bør derfor sleppast minstevass­føring også forbi inntaket i Ytre Gravdalsgilet, sjå framlegget ovanfor. For oss ser det forresten ut som det er ei bekkekløft lenger nede i elva og, like på oppsida av riksvegen, men vi er ikkje fagfolk!

 

Landskap: For dei som ferdast på vegen frå Førde i retning Askvoll, er elva eit land­skapselement, likeins for dei som ferdast på sjøen. Så lenge Gravdalselva i Indre Gravdalsgilet, som renn ned i sjøen like ved, får renne fritt, skal vi likevel ikkje legge altfor stor vekt på dei nega­tive konsekven­sane av den no aktuelle utbygginga. Men vi signaliserer alt no at ei eventuell fram­tidig utbygging av Gravdalselva vil vi gå sterkt mot! Då vert konfliktnivået inklusive sumverknaden mykje høgre!

 

Brukarinteresser: Sjå side 1 i fråsegna. Litt meir minstevassføring vil vere positivt for bekkeauren.

 

Avbøtande tiltak: Vi viser til det vi har skrive om minstevassføring tidlegare i fråsegna.

 

Samandrag av Turlaget sitt syn på utbygginga:

Utbygginga er i ein viss konflikt med friluftsinteressene, men konfliktnivået er akseptabelt, slik vi ser det. Vi ønskjer derfor ikkje å gå mot utbygginga!

 

Det er konflikt med ei, kanskje fleire, nordvende bekkekløfter, ein naturtype som er spesiell. Men vi har dessverre ikkje fagkunnskap nok til å kunne vurdere den eventuelle storleiken på konfliktnivået. Det må andre høyringsinstansar, og NVE, vurdere.

 

Vi ber NVE vurdere å eventuelt krevje oppsetting av predatorsikre rugekassar for fossekall.

 

 

Sakshandsamar hos oss er underskrivne, tlf. 57 82 69 05, E-post: alvar-m@online.no.

 

 

 

Venleg helsing

SOGN OG FJORDANE TURLAG

Naturvernutvalet

 

Alvar Melvær (sign.)

leiar