Fylkesmannen:

Inngrepsfrie naturområde minkar i Sogn og Fjordane

Vegbygging i terreng - Foto: Eli Mundhjeld

Inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON), er ein indikator på urørd natur, definert ut frå avstand til tyngre tekniske inngrep.

Sjølv om det i mange år har vore ei nasjonal, politisk målsetjing å ta vare på urørd natur, minkar slike areal i Noreg stadig. Dette er kanskje ikkje så uventa, i og med at det også er sterke samfunnsinteresser i retning av å ta i bruk stadig nye areal og ressursar. Status for INON vert oppdatert med visse mellomrom, og den nyaste syner tilstanden pr 1.1.2008. Føremålet med desse oppdateringane er både å gje allmenta informasjon om status for norsk natur, og å skape medvit om kva ulike typar utvikling kostar i form av tap av urørd natur.

I Sogn og Fjordane varierer det mykje frå kommune til kommune, både kor mykje som finst av inngrepsfrie naturområde, og kor mykje som har vorte vekke dei siste ti åra. Ikkje minst gjeld det for ”villmarksprega område”, dvs. areal meir enn fem km frå nærare definerte tyngre tekniske inngrep.

På Miljøstatus finn du diagram som syner tilstand og utvikling i Sogn og Fjordane frå 1988 til 2008, både for INON totalt og for villmarksprega område.

(19.03.2010)


Relaterte lenkjer

Kontaktpersonar