Hovudside
Kontakt
FNF Møre og Romsdal
Arbeidsutvalet - FNF Møre og Romsdal
Medlemsorganisasjonar
Fellesmøte
Arealsaker
Friluftslivsanlegg
 
Til FNF Hovedside
 
Prosjekt samarbeid
FNF Møre og Romsdal har i 2011 starta eit toårig prosjekt (2011 og 2012) saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet er å auke samarbeidet og kommunikasjonen om friluftsliv mellom fylkeskommunen og dei ulike aktørane innan friluftsliv i Møre og Romsdal. Prosjektet er delt opp i 4 ulike arbeidspakker.
 
AP 1 - kartlegging og nettverksbygging av dei organisasjonar som har friluftsliv som interessefelt i fylket vårt - Her har vi kome godt i veg med arbeidet og ser allereie resultat av arbeidet. Samstundes ser vi at det her er eit stort potensiale for å utvide dette arbeidet med å innvolvere fleire i "friluftslivsfamilien" i fylket vårt. Vi vil gå vidare med dette arbeidet i 2012 og reknar med at vi har hatt kontakt med alle dei aktuelle organisasjonar innan året 2012.

AP 2 - avklaring av samarbeidsform mellom fylkeskommunen og friluftslivsorganisasjonane i fylket vårt - Vi har ein god diskusjon og dialog om samarbeidsform mellom fylkeskommunen og friluftslivsorganisasjonane i fylket vårt. Vi har henta inn informasjon om alternative samarbeidsformer frå ulike delar av landet. Når det gjeld samarbeidsform mellom fylkeskommunen og organisasjonane på prinsipielt grunnlag og i einskild-saker treng vi likevel å arbeide vidare med dette i 2012.

AP 3 - synleggjere behovet for areal til friluftsliv i Møre og Romsdal - Her er vi godt i gang og denne delen av prosjektet føler vi at vi har fått til mest konkret samarbeid med fylkeskommunen (og kommunane).  Vi ser vår rolle å greie ut behovet for friluftsområde i heile fylket vårt uavhengig av halding i kommunanes administrative- og politiske leiing. Dette delen av prosjektet ser vi fram til å fortsette å arbeide med i 2012 og vi vil berre takke fylkeskommunen og kommunane for det gode arbeidet som er gjort i 2011.

AP 4 - leggje ut informasjon om gode friluftslivsanlegg på våre nettsider- I tråd med plana for prosjektet har vi fokusert på type friluftslivsanlegg tursti/turveg med tilstøtande element, då dette er den mest aktuelle tilrettelegginga for friluftslivsrørsla. Etter kvart framover mot nyttår og inn i 2012 vil vi leggje fram informasjon om andre typer friluftslivsanlegg som døme for dei som ønskjer opparbeid slike anlegg i framtida. Det blir spanande og sjå kor langt vi kjem med tilrettelegging av området i 2012.
 
2011 har vore eit år prega av planlegging og tilrettelegging for det vidare arbeid.  Vi har kome i gong med arbeidet på  alle dei 4 arbeidspakkene i prosjektet.  Det er lagt eit godt grunnlag for arbeidet vidare i 2012 og åra framover. For detaljer, sjå delrapport av 01.12.2011:
Årsrapport Prosjekt samarbeid 2011.pdf

I møte i fylkeskulturutvalet 4 mai 2011 delte fylkespolitikarane ut ein million kroner til friluftslivsorganisasjonane i Møre og Romsdal.
Ved samrøystes vedtak i Kulturutvalet - 04.05.2011 blei det vedteke at Turistforeiningane og Naturvernforbundet blir tatt opp på fast øyremerka post frå 2011. Vidare blei kr 1 000 000 i driftstilskot fordelt til 10 friluftslivsorganisasjonar i 2011.
Driftstilskot friluftsorganisasjonane - møte i fylkekulturutvalet 4 mai 2011- vedtak og saksframlegg.docx

Uheldig løyve til helikoptertrafikk i Trollheimen
FNF har prøvd i fleire saker å setje fokus på dei uheldige sider ved motorisert ferdsel i norsk natur og korleis dispensasjonspraksisen utholar lovverket. Dette gjeld så vel i naturen generelt og i verna område spesielt. Nå har Verneområdestyret for Trollheimen gjeve løyve til helikoptertrafikk i Trollheimen landskapsvernområde. FNF kan ikkje anna enn å reagere og klagar inn vedtaket. 
 
Vi viser også til klagebrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal av 16.03.2011 som gjev utfyllande innspel til denne saka (sjå http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/naturmangfold/naturvernforbundet-klagar-paa-helikopterloeyve-i-trollheimen-landskapsvernomraade-article23966-1706.html).
 

Korleis skal hyttene tilpasse seg dei ålmenne interesser ?
FNF har uttalt seg om reguleringsplan for Åndalssetra i Gjemnes kommune. Utfordringa FNF har klepe i er eit hyttefelt si plassering rundt det gamle stølsområdet på Åndalssetra og korleis plassere dette slik at konflikten med friluftslivs- og naturverninteressene blir minst mogleg.
 
FNF har i sin uttale meint at grensene for denne reguleringsplana er sett feil. Vi meiner at det styrande for ei reguleringsplan er korleis plassere dei ulike elementa rett i høve til naturgjevne høve, og ikkje i høve til eigedomsgrense og økonomiske forhold. Hyttefeltet må plasserast rett i høve til naturvern- og friluftsinteressene ved å plassere det rett i høve til vassdraget, den gamle Åsvegen og seterstølen samt syte for at det er rassikkert. FNF meiner at hyttene ikkje skal gjerdast inne då dette vil verke privatiserande. Vidare foreslår vi å byggje ein parkeringsplass for turfolket og foreslår ein bom (rett ved innom parkeringplassen) som hindra vanleg bilkøyring vidare gjennom stølsområdet og inn i Åndalen.

Fellesmøtet 7. mars 2011
Fellesmøtet 2011 er gjennomført. Reknskap og budsjett godkjent og årsplan vedteken, sjå vedlegg:
Møtereferat - fellesmøtet 7 mars 2011.doc

Invitasjon til Fellesmøte for FNF Møre og Romsdal 2011
7. mars er alle frilufts- og naturvernorganisasjonar invitert til det årlege fellesmøtet i NJFF. Møtet blir arrangert i NJFF sine lokalar i Årødalen. Sjå vedlagte innkalling, årsmelding 2010 og handlingsplan 2011.
Innkalling til årsmøte.doc
Innkalling til årsmøte.doc
Årsmelding 2010 og handlingsplan 2011.doc

Gjensidigestiftinga har løyvd 10 mill til løypemering til dei 4 Vestlandsfylka. Møre og Romsdal vil få ca 1,1 mill av midlane og i tillegg vil her truleg koma fylkeskommunale midlar.

Gåvetildeling opnar for storstilt satsing på turløyper i Møre og Romsdal !

Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet kan endeleg ta til etter ei gåvepakke på 10 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga. Pengane opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i Møre og Romsdal.  

Skiltinga byggjer på fire graderingar som me kjenner frå alpint – grøn, blå, raud og svart løype som ein indikator på vanskegrad. Ein vil i fyrste omgang støtta prosjekt som går til merking av turløyper for vandring, sykling, ski og padling. Hovudmålsetjinga er å sikra gode og trygge naturopplevingar for alle – frå lokalbefolkning til turistar.

Gjensidigestiftinga tildeler midlar berre til friviljuge organisasjonar så dette er ei tilskotsordning retta mot dei friviljuge organisasjonane. Den viktigaste føresetnaden for dei som vil søka er at ein får til eit lokalt samarbeid mellom kommune, frivillige og reiselivet. Dermed legg ein til rette for eit samarbeid og at turløypene blir brukt av fleire brukargrupper. Slik sikrar ein maksimal utnytting av kvar investerte krone og kvar time med arbeidsinnsats frå frivillige. Dersom ein får positivt svar på ein søknad om midlar, vil ein kunna koma i gang med arbeidet så snart snøen har smelta!

Representantar frå det offentlege, frivillige organisasjonar og reiselivsnæringa i dei fire Vestlandsfylka har samarbeidd om søknaden som ligg til grunn for tildelinga. Styringa av midlane vil bli styrt gjennom ei tildelingsgruppe i kvart fylke. FNF sin representant i tildelingsgruppa er Atle Frantzen frå Molde og Romsdals turistforening. FNF vil kome attende med meir informasjon om søknadsskjema o.l. til organisasjonane så snart dette er klart.


Ein million kroner !
 
“Det er viktig at friluftslivet og miljøinteressene er på banen når beslutninger tas lokalt og regionalt. Jeg vil derfor bygge opp under det arbeidet de frivillige organisasjonene gjør”, sier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i sin pressemelding av 13.10.2010. Difor blei det satt av ekstra midlar til dei friviljuge organisasjonane knytt til naturvern og friluftsliv i 2010.
 
I 2010 vart Møre og Romsdal vald ut til å vere eitt av 8 satsingsfylke for natur og friluftsliv.  Med støtte frå Miljøverndepartementet blei det i 2010 sett av midlar til ein heiltidsansatt koordinator.  Dette var for å styrke organisasjonane sitt arbeid til å vere både vaktbikkje og pådrivar for natur og friluftsliv i fylket.  Styremaktene ser på dei friviljuge organisasjonane som eit viktig verkty for lokalfolket sine miljø- og friluftsinteresser, mellom anna i arbeidet med areal- og reguleringsplanar.  
 
Forvaltningsreforma (sjå; Ot.prp. nr. 10/2008-2009) gav fylkeskommunen eit hovudansvar for friluftsliv. Møre og Romsdal fylkeskommune har også vedteke i sin fylkesplan at fylkeskommunen skal bli leiande innan fysisk aktivitet og friluftsliv og vi meiner at dei friviljuge organisasjonane i Møre og Romsdal kan vere med å bidra til dette ved auka driftsmidlar. Friluftslivet sine organisasjonar ser fram til at dei gode intensjonane i forvaltningsreforma og målformuleringa i fylkesplanen og frivilligheitsmeldinga blir fulgt opp.
 
Friluftsorganisasjonane ber difor om ein ny ”friluftsmillion” frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Pressemelding - ein million til friluftslivet - 2 des 2010.doc

Jønnstad kraftverk - botaniske undersøkingar
 
Hydroplan AS har under arbeid ein søknad om å bygge kraftverk i vassdraget ovafor Jønnstad i Sunndal kommune. FNF har i samarbeid med Naturvernforbundet no i sommar gjort ei undersøking av ein del av dei berørte områda og laga ein rapport om dei botaniske registreringar. 
 
Som det går fram av dokumentet er det gjort såpass mange funn av raudlisteartar og i tillegg ein freda art i det moglege inntaksområdet i Usma at det forslaget som finst om makebyte av ein del av landskapsvernområdet må leggast bort.
 
FNF er også kjent med at det er store kulturverdiar knytt til Jønstad. I tillegg er det gjort såpass mange vasskraftutbyggingar at utbygging av øvre del av Usma ovafor Jønnstad og Kløftelva bør droppast. Dette både med omsyn til vassdragsnatur og friluftsliv. Etter vårt syn er det feil å bruke sakshandsamingskapasitet på eit slikt prosjekt som aldri bør og vil føre fram. Vi vil difor be NVE be søkjar om å legge vekk søknaden.
 
Alle artsobservasjonane er lagt inn på www.artsobservasjoner.no og kan søkast opp der.

Kviltorp camping og utviding av denne
Formålet med reguleringa er av regulanten uttalt å vere å endre formålet fra friområde til campingplass og legge til rette for utvikling av campingplassens område og aktivitet. Mot sør er arealet tenkt utvida ved fylling ut i sjøen. Saka vedkjem strandsona frå Tøndergård småbåthamn, forbi Retiro og det sikra friluftsområdet, forbi Fjærestua, forbi Kviltorp camping og inn til Årø flyplass. Og konflikten er den frie ferdselen langs stranda i fjøra og nedbygging av flomålet samt omdisponering av friområde. Vi viser til den nye plan- og bygningsloven og rundskriv om innskjerping av byggeforbodet i strandsona. Dette gjeld også for Molde kommune som har lite urørt ubebygd strandline att. Vi legg i "urørt" i den forstand at det er opprinneleg fjøre utan utfylling, og ein del av den opprinnelege strandvegetasjonen som er igjen.
 
Forum for Natur og Friluftsliv synes det er viktig å sikre at det også i framtida er urørte strandstrekningar sentralt i Molde kommune. Me rår difor utbyggaren på Kviltorp camping og Molde kommune om å kome med forslag til løysingar som ikkje hindrer ålmenta tilgjenge til fjøra og som ikkje fører til ytterlegare nedbygginga av fjøra. Samstundes ber me om at det blir sikra ein grøn korridor mot sjøen på strekninga og at det blir vurdert opparbeidd ein enkel kyststi.

Lerkehaugen - kyststi i Molde eller fortsatt nedbygging av fjøra ?
Det er meldt om igangsetting av privat forslag til reguleringsplan for Lerkehaugen i Molde kommune. Formålet med reguleringa er å få konsentrert busetnaden aust for Kviltorp småbåtlag. FNF ser strandstrekninga Kviltorp Camping innover til Leirgrovvika som eit attraktivt friluftsområde, men som ikkje er tilrettelagt for friluftsliv. FNF kan her tenkje seg opparbeidd tursti på strekninga og at denne inngår i ein heilheitleg kyststi frå Årø til Molde sentrum. Forum for Natur og Friluftsliv synes det er viktig å sikre at det også i framtida er urørte strandstrekningar sentralt i Molde kommune. Me rår difor utbyggaren på Lerkehaugen og Molde kommune om å kome med alternativ plassering av bustader på Lerkehaugen lenger frå fjøra. Samstundes ber me om at det blir sikra ein grøn korridor mot sjøen på strekninga og at det blir vurdert opparbeidd ein enkel kyststi.

Med bil til Rosethornet i Volda
Det er no lagt ut eit privat forslag til bilveg, ein såkalla "Turistveg", opp til Rosethornet i Volda kommune. Saka vedkjem om det skal lagast ein bilveg opp på eit fjell der hovudbehovet slik me les det, er å føre folk fram til eit utkikspunkt. FNF ser Rosethornet og liene som grensar til som eit attraktivt friluftsområde, og som tilrettelagt for friluftsliv på ein naturvenleg måte. Og FNF kan forstå behovet for opprusting av dei eksisterande turstiane og lage turmål, skjul for regnet og sitjeplassar, slik at enda fleire kjem seg ut i naturen. Men Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) støttar ikkje motoriserte turvegar og me synes det er viktig å fremje det enkle friluftslivet med ei enkel tilrettelegging i naturen framfor motoriserte aktivitetar.  FNF finn den omsøkte turistvegen til Rosethornet som negativ for turistnæringa i Volda-regionen.

Rauma - Ulvåa varig verna ?
Rauma Energi AS har i 12 år no prøvd å få fram ei prosjekt der dei renoverar Verma kraftverk. FNF tok del i ei sluttsynfaring i regi av NVE den 25. august 2010. På denne synfaringa såg vi både på sjølve kraftverket, planlagte nytt utløp og inntaksdammen. Det er brei enigheit om det meste av dei framlagte tekniske planane for renovering bort sett frå løysinga ved inntaksdammen. Her vil utbyggaren byggje ein ny dam opp til 7,5 meter høgare enn den noverande. Dette er ei løysing som grip inn i naturreservatet i vest og som er heilt uakseptabelt. FNF ber i sitt brev til NVE om at utbyggaren kjem med alternative løysingar på inntaksdam som er realistisk i høve til verneverdiane.
 
Elles er FNF skeptisk til manøvreringsreglementet ved denne renoveringa ved at slukeevna ved den planlagte inntaksdammen er nærmare 3-gongen. Sett i samanheng med den samla effekten dette saman med dei to andre reguleringane i vassdraget, Bøvervatnreguleringa og Gryttenreguleringa, kan dette gje samla store negative konsekvensar for livet i det verna vassdraget Rauma - Ulvåa.

Helikopter overalt heile tida i Rauma kommune ?
Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) er skeptisk til helikoptertrafikk i naturkommunen Rauma. Helikoptertrafikken bryt med prinsippa om at naturopplevingar skal vere umotorisert og stillfarne. FNF rår Rauma kommune til å lat vere å gje løyve til denne støyande aktiviteten og heller leggje til rett for ei meir naturvenleg tilrettelegging for turistar og kommunes eigne innbyggarar.

Ny koordinator i forumet
Mandag 9. august får FNF Møre og Romsdal ny koordinator. Koordinator siden desember 2008, Åsa Fredly, går over til å jobbe full stilling som undervisningsleder i NJFF Møre og Romsdal, og Ingbjørn Bredeli tar over ansvaret. Ingbjørn er fra Molde og har den siste tiden jobbet som rådgiver i miljøvernavdelingen hos fylkesmannen i Møre og Romsdal. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal vil fra mandag ta over arbeidsgiveransvaret for koordinatoren etter at NJFF Møre og Romsdal har hatt ansvaret siden 2002. Link til friluftsrådet sin hjemmeside med mer om ansettelsen: http://www.utenordvest.no/site/main/les_mer.php?page_id=8272 Åsa Fredly takker for seg som koordinator i forumet, og vil i tiden framover være engasjert i forumet gjennom å være representant for NJFF i styringsgruppa.

Kurs i ny naturmangfoldlov
Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal i mai og juni gjennomføre kurs i den nye naturmangfoldloven som begynte å gjelde 1. juli 2009. Naturmangfoldsloven erstatter Naturvernloven. For mer informasjon, se vedlagte invitasjonsbrev. Påmelding skjer på fylkesmannen sine hjemmesider og innen 14. mai.
Invitasjon-kurs-naturmangfoldloven_ckuPv[1].pdf
LOV 2009-06-19 nr 100 Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven).mht

Protokoll fra fellesmøtet i FNF Møre og Romsdal 2009 - Årsmelding 2008 og Årsplan 2009
Mandag 2. februar ble det årlige fellesmøtet i FNF M&R avholdt i Reknesstabburet på Romsdalsmuseet. Det møtte representanter fra Nordmøre og Romsdal Friluftsråd, 4H, Molde og Romsdal Turistforening, Møre og Romsdal fylke og Norges Jeger- og Fiskerforbund. Møtedeltakerne var engasjerte og det ble gode diskusjoner rundt hva FNF skal jobbe med i året som kommer.
Årsplan 09.pdf
Årsmelding 08.pdf

Årlig fellesmøte i FNF M&R 2. februar
Mandag 2. februar, kl 18.00 vil det årlige fellesmøtet for alle organisasjoner som er medlemmer av FRIFO, SRN og FL bli avholdt i Reknesstabburet på Romsdalsmuseet i Molde. I tillegg er andre organisasjoner og etater invitert. Det er allerede sendt ut et brev med innkallingen til dette møtet. I etterkant av det formelle møtet vil vi i år holde en temasamling med overskrift "Arealforvaltning og biologisk mangfold". Det er Øystein Folden i Naturvernforbundet som vil stå for dette.

Valg 2007
I forbindelse med valget 2007 ønsket Forum for natur og friluftsliv å stille de politiske partiene noen spørsmål. Her kan du se svarene
brev til partiene VALG 07.pdf
Svar fra KrF.pdf

Midler i forbindelse med Friluftslivets uke 2007
Friluftslivets Uke blir arrangert 1. -9.september. FNF får hvert år tildelt midler etter søknad fra FRIFO som skal brukes på aktivitet denne uken. Organisasjonene kan igjen søke FNF om støtte. Det forutsettes at de tildelte midlene brukes i forbindelse med arrangementer i Friluftslivets uke og at disse arrangementene brukes for å markedsføre/ markere FU og friluftslivet ovenfor allmennheten, samt styrke fellesskapet i FNF. Søknaden om støtte må inneholde budsjett for aktivitetene på grunn av videre rapportering til FRIFO. Forutsetningen for støtte er at FNF M&R i etterkant mottar en rapport for arrangementene, der antall deltakere og hvilke aktiviteter som er tilbudt blir synlig. Pengene utbetales så snart denne rapporten er innsendt. Vennligst oppgi kontonummer i rapporten. Søknadsfristen er onsdag 29. august.

Nyhetsbrev 0ktober
FNF M&R satser i tiden fremover å sende ut nyhetsbrev til organisasjonene om saker og aktiviteter som foregår i vårt fylke. I tillegg blir nyhetsbrevet også lagt ut på nettstedet.
oktober.doc

Ny modell for drift av FNF
Den sentrale styringsgruppen har nå sendt sitt endelige forslag til ny modell for drift av FNF ut på høring i organisasjonene. Målet er at modellen skal gjelde fra 01.01.2007.
Modell for FNF - endelig forslag fra styringsgruppen.pdf

Uforståelig friluftsliv budsjett!
Regjeringens følger opp de positive resultatene fra Friluftslivets År 2005 med å redusere bevilgningene til friluftslivsaktiviteter med 1 million kroner i forslag til statsbudsjett for 2007. – Dette er uforståelig og gir et merkverdig signal om betydningen av satsing på stimulerings- og motiveringsarbeidet, sier generalsekretær i Friluftslivets fellesorganisasjon, Harald Tronvik. - Gjennom Friluftslivets År viste vi at vi lyktes med en folkelig mobilisering for friluftsliv. Oppdragsgiver, Miljøverndepartementet, har vært godt fornøyd, og påpeker i sine budsjettføringer at det blant annet vil følge opp den vellykkede ungdomssatsingen. Vi hadde ikke ventet at belønningen skjer i form av en slik nedskjæring, fastslår Tronvik, og understreker samtidig betydningen av å stimulere og motivere barn og unge til friluftsliv. – Her ligger en solid forebyggingsgevinst. Regjeringen sier mye om forebyggende helsearbeid og viktigheten av fysisk aktivitet, ikke minst i den tverrdepartementale handlingsplanen ”Sammen for fysisk aktivitet”. – I Helse- og omsorgsdepartementets budsjettforslag er tilskuddposten til fysisk aktivitet i frivillige organisasjoners regi økt med 0,5 millioner kroner. Når man kombinerer reduksjonen på 1 million kroner over MD’s budsjett og en meget beskjeden økning på en halv million over Helsedepartementets budsjett, så virker det tafatt i forhold til det å få med seg frivillige organisasjoner i det videre stimuleringsarbeidet, påpeker Tronvik. Han hadde forventet en viss økning i bevilgningen til friluftslivstiltak neste år, som muliggjør en god oppfølging av Friluftslivets År. Generalsekretær Tronvik er imidlertid fornøyd med økningen til tilrettelegging for fiske, skjøtsel av nasjonalparker og verneområder.

Aktiviteter Friluftslivets Uke 2006
Lag og organisasjoner i Møre og Romsdal arrangerer flere aktiviteter spredt over hele fylket i Friluftslivets Uke 3.-10.september. I oversikten kan du lese mer om hva som skjer i ditt lokalmiljø denne uken. Listen er ikke komplett, men det vil bli oppdatert forløpende. Har du spørsmål om tilbud i ditt lokalmiljø, ta kontakt med lag og organisasjoner eller kommunens God helse koordinator eller kulturavdelingen.
Microsoft Word - aktiviteter pr.30.08.pdf

Friluftslivets Uke 3.-10. september
Formålet med Friluftslivets Uke er først og fremst og vise friluftslivets magnfold. Flere organisasjoner går sammen om å arrangere friluftslivsaktviteter en eller flere ganger gjennom en uke. Det blir tilbud om aktiviteter i mange kommuner denne uken.

Vellykket friluftslivskonferanse i Molde 4.april
Møre og Romsdal Fylke i samarbeid med blamt andre FNF M&R arrangerte konferanse tirsdag 4.april med tema: Rammevilkår for friluftsliv. 91 deltakere var påmeldt til denne samlingen som er den første på lang tid i vårt fylke. Konferansen ble innledet med et forrykende multimediashow av Barbeint jentene Tone Jorunn Tveito og Ingrid Vadder som gikk Norge på langs i Friluftslivets År 2005. Dette høstet en utrolig respons fra deltakerne. Videre holdt fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik åpningstalen for konferansen. Blant foredragsholderne var blant andre Harald Tronvik, Generalsekretær i FRIFO som snakket om frivillige organisasjoner sin rolle i friluftslivspolitikken. Målet med konferansen var å få etablert nettverk mellom frivillig og offentlig sektor. Ulike avdelinger i Møre og Romsdal Fylke orienterte om ulike tilskuddsordninger og hva de kan bidra med i arbeidet med friluftsliv i fylket.

Fellesmøte 30.mars
FNF Møre og Romsdal avholder sitt årlige fellesmøte torsdag 30.mars kl.19 på Reknesstabburet, Romsdalsmuseet i Molde. NAturvernforbundet i Møre og Romsdal er invitert til å holde et innelgg med følgende tema: Hva sier vi til vasskraftutbygging og hvordan markedsfører vi meningene våre?

Friluftslivskonferanse i Molde 4.april
Møre og Romsdal Fylke i samarbeid med ulike frivillige organisasjoner arrangerer friluftskonferanse på Hotel Alexandra i Molde tirsdag 4.april. Budskapet er å sette fokus på rammevilkåene for friluftsliv i fylket, og samarbeid mellom frivilige organisasjoner og offentlig forvaltning. Barbeint - jentene som gikk Norge på langs i Friluftslivets År 2005 vil også være tilstede og gjennomføre et multimedieshow fra turen.
jentene.jpg

Tilskuddsmidler til friluftsliv
Møre og Romsdal Fylke har laget en informasjonsbrosjyre om tilskuddsmidler til friluftsliv. Brosjyren kan bestilles hos FNF Møre og Romsdal Per Amdams vei 1A 6413 Molde

FNF Møre og Romsdal på nett !
Nå lanserer Forum for natur og friluftsliv Møre og Romsdal sin egen nettside. På denne siden vil du finne opplysninger om medlemmene i FNF, aktuelle høringer for FNF organisasjonene, kurs og aktiviteter,innkallinger og referat til møter med mer. Webredaktør vil til enhver tid prøve å holde nettsiden oppdatert. Hver og en som har stoff fra egen organisasjon kan henvende seg til webredaktør, så kan vi få lagt ut aktuell informasjon på nettet.

 
 
2004 © Forum for natur og friluftsliv