Friluftslivsanlegg

~WC-Murvika-25 august 2010.jpg
Det er mange forskjellige behov for friluftslivsanlegg. Dei gode ideane blir ofte til undervegs, og ofte blir dei gode løysingane på utfordringane til undervegs. Men det er ofte også ein fordel å ha gode døme på korleis ein har løyst utfordringar knytt til tilrettelegging for friluftsliv. Sjølv om kvart friluftsområde er unikt, så er det ofte fellesnemnarar som gjer at det kan vere ein fordel å skule til andre tiltak.  Vi har eit ønskje om å formidle kunnskapen om val av løysing, materialval, verktøy, teknikkar, prosedyrar, form og funksjon basert på lokale tradisjonar i bygginga av friluftslivsanlegg. Vi ønskjer å dokumentere nokre av dei gode friluftslivsanlegga som er bygd/skal byggast for å synleggjera korleis det kan gjerast.
 
Spelemiddelordning er den ordninga av dei offentlege me ser passar best til å finansiere friluftsanlegg på. Kulturavdelinga hos fylkeskommunen si nettside (sjå http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Spelemidlar )seier korleis du går fram for å søkje tilskot.
 
Dei frivillige organisasjonane er ofte dei som kjem fram med ideane til anlegg som er nødvendig for å skape aktivitet i friluft. Vi ønskjer å lage ei verktykasse for dei frivillige organisasjonane som ønskjer å lage friluftslivsanlegg i sitt nærområde. Ideelt så ønskjer vi å avklare desse anlegga på førehand med fylkeskommunen knytt til økonomisk bistand og tilskotsrett etter spelemiddelordninga.
Vi har laga gode døme på tiltak som kan gjerast for å gjere eit friluftsområde meir brukarvenleg/attraktivt. Ein startar med gode døme på tursti og turvegar som er det viktigaste opparbeidingstiltaket. Vidare vil ein lage gode døme på andre tiltak som kan knyttast til turstiar; toalett, treplatt til lavo, trelavo, gamme, bålhus, gapahus, høyløe, torvløe, andre typar dagsturhytte/turmål, badeplassar, badeplattformer, badebryggjer m/u stupetårn, flytebryggjer, landgang, aktivitetsområde, leirstad, friluftsleir, naturklatrestad med meire.

 

Treningssenter i det fri 

1. Tufteparken - eit døme frå Lier

 
Turstiar 
1. Tangen tursti
2. Romsdalseggen - tursti Venjesdalen
3. Kvitholmen tursti og bryggje
4. Holsvatnet tursti

5. Helseløype Romsdalsmuseet

6. Turstien "Annas fotspor"

 

 
Friluftslivsaktivets-bygg 
7. Naust Dunkarsundet (kajakk)
8. Naust Hjelset (seglbåt/kajakk)
9. Gapahus Ingolfsbu
10. Gamme Høljan
11. Toalett - enkelt
12. Toalett - ferdigpakke
 
På nettsida til Friluftsrådenes landsforbund (sjå http://www.friluftsrad.no/4399.111.Anlegg-for-friluftsliv.html) finn du døme på fleire friluftslivsanlegg.
 

 

Tangen tursti

Tangen tursti ligg i Aukra kommune. Stien er bygd i samarbeide mellom Tangen velforening, Aukra kommune og Nordmøre og Romsdal friluftsråd.

Tangen tursti - førehandsgodkjenning m kart og bilder - 27 okt 2011 - pdf.pdf
Kostnadsoverslag Tangen.pdf

Romsdalseggen - tursti Venjesdalen

Turstien ligg i Rauma kommune og er første delen av den stien som kallast Romsdalseggen som går frå Venjesdalen over til Åndalsnes. Prosjektet er i regi av Molde og Romsdal Turistforening og gjeld den første delen er omlag 800 meter og gjeld innsteget frå Venjesdalen.

Søknad spelemidlar - første delen i Venjesdalen - 15 jan 2013.pdf
Vedlegg 1 - Dokument for førehandsgodkjenning - utan bilder - 15 okt 2012.pdf
Vedlegg 2 - Kostnadsoverslag - første del - 15 jan 2013.xlsx
Leigeavtale Venjesdalen - signert av sameige og MRT.pdf

Kvitholmen tursti og bryggje

Kvitholmen tursti og bryggje ligg yst på fyrholmen Kvitholmen i Eide kommune. Prosjektet er i regi av Kvitholmens venner og Nordmøre og Romsdal friluftsråd.

KVITHOMEN 2011.pdf
KVITHOLMEN landgang.pdf
Dispensasjon turstilengde Kvitholmen - Kulturdept 21 mars 2011.pdf

Holsvatnet tursti

Holsvatnet tursti er ein planlagt sti rundt Holsvatnet i Midsund kommune. Prosjektet er i regi av Midsund Jeger- og Fiskerlag og Nordmøre og Romsdal friluftsråd.

Prosjekt Holsvatnet rundt 2011.pdf
SNITT TURSTI 2011.doc
LENGDEPROFIL TURSTI 2011.doc

Helseløype Romsdalsmuseet

Helseløype Romsdalsmuseet er ein planlagt folkehelseløype som skal gå inne på området til Romsdalsmuseet i Molde kommune. Prosjektet er i regi av fleire aktørar som Romsdalsmuseet, Nordmøre og Romsdal friluftsråd med fleire.

 

Forhåndsgodkjenning - 9 jan 2013

Naust Dunkarsundet (kajakk)

Naustet til Kristiansund Turistforening ligg i Dunkarsundet i Kristiansund kommune. Det er her plass til 100 kajakkar.

Leigeavtale - rekneskap - finansisering.pdf
Teikningar.pdf

Naust Hjelset (seglbåt/kajakk)

Naustet ved Hjelset småbåthamn ligg inne i Fannefjorden i Molde kommune. Dette naustet er bygd av Hjelset Fram og er basen for deira sjøbaserte aktivitetar med segling og padling. Bygget er bygd som eit grindbygg samansatt av to bygningskroppar.

NAUST-forhandsgodkjenning.pdf
Grindbygg - skisse.doc
NAUST 2 -2009 - 21 aug 2009.pdf
Sluttrekneskap - spelemidlar.xls

Gamme Høljan

Gamma Høljan er ei gamme som er under oppføring på Istad i Molde kommune. Det er Klurtolla 4 H i samarbeide med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som står for bygginga.

Søknad spelemidlar.docx
Teikning - utvendig.jpg
Planteikning.jpg

Toalett enkelt HC-tilgjengeleg

Dette er noko av det enklaste toalettet som kan byggast og som framleis stettar krava til tilgjengelegheit for alle (sjå vedlegg). Desse toaletta er det bygd mange av i ulike nyanser i ulike friluftsområde i fylket.

Teikning toalettbygg enkelt i tre - Stavseng.pdf
HC Toalett - standard.pdf

Toalett ferdigpakke

Eit av fleire toalett av ferdig-pakke-løysing er sett opp ved Murvika badeplass i Ørskog kommune. Ålesund og Omland friluftsråd har satt opp 8 stk av desse i sine friluftsområde på sunnmøre. Toaletta er i form av ein cointainer med lukka tank, vakum-toalett, dreve av solcellepanel på taket, handicap-tilpassa og sjølvgåande.

A-Plast - Front toaletthus.pdf
A-plast - Bak toaletthus.pdf

Turstien "Annas fotspor"

KNT har på oppfordring frå skulen og kommune tenkt opparbeidd ein enkel tursti kalla "Annas fotspor" på Draget i Kristiansund kommune. Turstien er tenkt opparbeidd i ein enkel KNT-form med enkel opparbeiding av grunnen, skilting og varding. Turstien er på 4,4 km og går som ein rundtur som går både i fjøra og inne i det nye byggjefeltet på Draget. Starten av stien er ved skulen.

 

I Annas fotspor - Idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning - 31.10.13

Treningssenter i friluft

Det er fleire måtar og byggje treningssenter ute på. I spelemiddelordninga er det moglegheit for tilskot knytt til definisjonen; "flerbruksområder, inntil 2400 m², med underlag tilrettelagt for f.eks. ballspill, hopp, løp, kast og turnaktiviteter".

 

Eit døme på eit slikt anlegg er Tufteparken som blant anna er bygd i Lier (sjå Treningsinstalasjoner - Tufteparken

 

 

 

Ingolfsbu - grindbygg ved Skjevik skule

Gapahuset Ingofsbu er eit grindbygg bygd ved Skjevik skule i Molde kommune. Dette er eit bålhus og samlingsstad for uteaktivitetane i skuleregi og på fritida. Eit samarbeidsprosjekt mellom Skjevik vel, Friluftsrådet Nordmøre og Romsdals , Hjelset Fram og Skjevik skule.

Plassering av gapahus og teikning.pdf
Ingolfbua - plan.pdf
Skisse grind - gapahus.pdf
SKJEVIKMYRA GAPAHUS 2011 - prospekt sept 2011.pdf