Nidarosdomen i Stryn

Av Erik Solheim


Ordførar Sven Flo i Stryn vil få gjort om att vedtaket i 1993 om varig vern av vassdraga i Loen og Stryn. Han vil gjere elvane om til pengar, seier han til Sunnmørsposten 22. januar.

Stryn kommune, fylkeskommunen og mange andre gjorde sitt beste for å legge elvane under jorda og ut att i kraftverk. Men under den 20 år lange striden – Statskraftverkene leverte sin første søknad i 1973 – kom det fram at nedbørsfelta i Stryn har uvanleg store og eigenarta verdiar. Floraen er rik, og dyrelivet. Her er landskap som ikkje har sin make i Europa. Kulturhistoria i dalane under breen gjorde inntrykket sterkare av eit område med heilt spesielle kvalitetar. Difor vedtok Stortinget i 1993 vern, og dei opna på same tid for å utvide Jostedalsbreen nasjonalpark nedover i fleire av setredalane. Dette var eitt av mange vedtak som sikra at store og omstridde vassdrag fekk renne fritt. Forsvaret av elvenaturen utløyste to av dei største naturvernkonfliktane vi har hatt i Norden, aksjonane i Mardøla i 1970 og i Alta 1981.

Saka i Stryn var godt opplyst før vedtaket. Debatten gjekk i årevis, og mange som direkte påverka utfallet var på staden for å sjå med eigne auge kva det dreia seg om. Statsrådar og stortingskomitear hadde synfaringar. Det var store kraftmengder Stortinget gav avkall på. Men det vart altså konklusjonen etter at dei hadde fått kjennskap til alle sider ved saka.

Naturvern er eit uttrykk for sivilisasjon. Vi er alle tilbøyelege til å handle til beste for oss sjølv og våre næraste. Men av og til må vi gje avkall på noko av dette av omsyn til andre menneske, til det fellesskapet vi er ein del av og den naturen som er grunnlaget for eit godt liv. Vår evne til å øydelegge natur er så stor at vi må halde ho i age gjennom sivilisert samhandling. Dette har gradvis vakse fram som ei internasjonal kjensgjerning. I Rio de Janeiro vedtok statsleiarane i 1992 ein konvensjon som gjev statane plikt til å sikre den naturlege variasjonsrikdommen i sine land. Vassdraga i Stryn står høgt på lista over område som er med på å halde oppe den norske spennvidda av livsmiljø.

Regelverket for vassdragsforvaltning har alltid, heilt sidan konsesjonslovene frå tidleg på 1900-talet, hatt det samfunnsmessig forsvarlege for auget. Utbygging måtte vere til nytte for samfunnet, og ulempene for allmenne interesser måtte ikkje vere for store. Vassdraga er ein nasjonal verdi, og bruken skal komme folket til gode, ikkje berre nokre personar eller selskap. I 1960-åra kom det stadig sterkare reaksjonar mot ei veksande liste over enorme utbyggingsplanar, og Stortinget gjorde i 1969 vedtak om det som seinare vart til Verneplan for vassdrag.

Med dagens utsikt til eit veksande kraftoverskot, kan samfunnsnytten av fleire turbinar ikkje vere positiv. Å gå laus på dei verna elvane i Stryn har, objektivt sett, så store negative konsekvensar at ingen kan forsvare det med nøkterne argument. Elvane i Stryn har verdi for mange andre enn innbyggjarane i kommunen. Slik er dei på linje med Nidarosdomen.