Livet i energibobla

Av Erik Solheim


Om ein person går ein kilometer på ti minutt i arbeidstida, kostar det 100 kroner dersom timeløna er 600 kroner. Å kjøpe drivstoff til å køyre ein kilometer med bil, kostar 80-90 øre. Energien er vår tids slave, og har betaling som det.

Mange forklarer industrialiseringa og den økonomiske utviklinga etterpå med oppfinningar og smartare organisering. Men det avgjerande er energien som utfører arbeidet. Vår rikdom er av fossilt opphav. Dampmaskina dreiv moderniseringa på 1800-talet, og oljen sette, gjennom eksplosjonsmotoren, endå større fart i utviklinga etter 1900. Moderniteten er, i alle sine materielle og åndelege uttrykk, ein konsekvens av tilgangen på fossil energi. Vi har brukt oljen til ein produksjon som er mykje større enn det folk har bruk for. Avfallshaugane veks, og reklamen har sitt fulle hyre med å få oss til å konsumere endå meir.

Det er vanskeleg å fatte kor enorme mengder energi som er konsentrert i olje. Kjell Aleklett, Peak Oil-professoren i Uppsala, skriv at ein liter råolje kan gje 10 kilowattimar energi. Det skal vere nok til å løfte 10 bilar på 1200 kilo til toppen av Eiffeltårnet. Ein bensintank på 50 liter tilsvarer det arbeidet som 1000 menneske kan utføre på ein dags hardt arbeid. Men menneska vil aldri kunne yte den effekten, den farten, som bensinen kan.

Olje, kol og gass er uhyre konsentrert solenergi, foredla til den eineståande kvaliteten gjennom mange millionar år. Men rasjonen er avgrensa. Dei store felta vart oppdaga frå 1950-åra og utover, men sidan 1970 har det gått bratt nedover med innhaldet i nye funn. I 30 år har forbruket auka og den oppdaga mengda minka. Også Det internasjonale energibyrået i Paris har komme til at verda har passert toppen av det som er mogeleg å få ut kvart år. På norsk sokkel var resultatet i fjor under halvparten av maksimum i 2001. Dette vil seie at langt meir enn halvparten er brukt opp; berre ein firedel av reservane er igjen. Johan Sverdrup og dei andre funna i fjor, kan ikkje stanse fallet, same kva Ola Borten Moe seier. Den økonomiske veksten held på å tørke ut drivkrafta i veksten.

Då hesten vart avløyst av bilen i byane og traktoren i bygdene, var det sterkare og raskare maskiner som tok over. Når oljen blir knapp og dyrare, vert den breie vegen smalare. Vi har ikkje noko alternativ som monar å setje inn. Vind, vatn og ved kan ikkje skaffe Europa særleg mykje av dei 24 000 TWh EU forbrukar av fossil energi, 200 gonger meir enn den norske vasskrafta. Det er heller ikkje gjort i ei handvending å byte ut eit samfunn basert på ei dominerande energiform til ein teknikk og ein økonomi som utnyttar ein heilt annan energi, og ein som totalt har mindre kraft å gje. Sjølv det vesle som skal til for å oppfylle Kyotoavtalen, har lege utanfor viljen hos våre styrande.

Kampen om oljen – og ferskvatnet – spissar seg til. Men ingen politikar bryr seg om det. Dei meiner kanskje at dei byggjer ei sikrare framtid, men dei har ikkje realitetane med seg til støtte for trua. Vi lever i ei boble av materiell overflod, og bobler sprekk. Då vil vi sjå dei ansvarlege på TV med innlærde lekser om alt dei skal gjere – når det er for seint.