Energiseminar hjå KURE

_Q0B9757_DxO2pano2-Panorama3d

FNF Hordaland deltok på eit energiseminar hjå politikarane i kultur- og ressursutvalet (KURE) i fylkeskommuna 2. desember, og holdt eit innlegg om natur-, landskaps- og friluftslivsverdiar i energisaker.

FNF Hordaland er kritisk til småkraftutbygging på Lussand (Granvin)

Lussand i Granvin, Hordaland_2

Voss Energi ynskjer å bygge ut Lussand kraftverk i Granvin kommune, med estimert årsproduksjon på 5,08 GWh. Dette er ein redusert versjon av eit utbyggingsprosjekt som fekk avslag hjå NVE i 2007, av omsyn til landskapsverdiar og konsekvensar for raudlisteartar. Vi meiner grunnlaget for å gje avslag i 2007 er forsterka i dag, med mellom anna nye registreringar av raudlisteartar og verdifulle naturtypar i området. Dette er eit prosjekt der dei samfunnsmessige ulempene klart overstig nytta av ny, fornybar kraftproduksjon.

Seminar om vannforvaltningsplan 19. november

Vannforvaltning-bilde

Ifbm. høringen (1. juli - 31. desember) av regionale vannforvaltningsplaner med tilhørende miljømål og tiltaksprogram, inviterer naturmangfoldsgruppen i Naturvernforbundet Hordaland til seminar om den regionale planen for Hordaland.

Arbeidsverksted i praktisering av naturmangfoldloven

heidi_sorensen_2848x4288

FNF Hordaland og Naturmangfoldsgruppen i Naturvernforbundet Hordaland inviterer til arbeidsverksted i praktisering av naturmangfoldloven.

 

Tid: onsdag 5. november kl 15:00 -17:30.  

Sted: Friluftslivets Hus i Marken (Tverrgt. 4/6). 

 

Innledere er tidligere statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen, Honorata Gajda fra Naturvernforbundet sentralt og Oddvar Skre fra Naturvernforbundet i Hordaland.

 

Høyringsuttale vedr. overføring av Våtekleivbekkane på Osafjellet til Lang-Sima kraftverk i Eidfjord

Utsikt_mot_Ulvik

Statkraft Energi AS planlegg å overføre Våtekleivbekken Nord og Våtekleivbekken Syd på ca. kote 1155 til Langvatnet via eksisterande overføringstunnel mellom Skrulsvatnet og Floskefonnvatnet. Med overføring til Langvatnet kan avrenninga frå bekkane utnyttast i Lang-Sima kraftverk i Eidfjord. Overføringane er berekna til å gje ein auke i kraftproduksjonen på 6,1 GWh. Tiltaket er definert som eit opprusting og utviding (O/U)-prosjekt. Det er ikkje planlagd noko minstevassføring frå dei to bekkane.

 

FNF Hordaland har fleire kommentarar til prosjektet.

Tilleggsuttale - Isdal pumpe og kraftverk, Eidfjord: Krav om tilleggsutgreiingar vedrørande kva negative effektar ein eventuell introduksjon av røye i Isdalsvatnet vil påføre økosystemet

Isdalsvatnet, Eidfjord

Før ein eventuell konsesjon vert gjeve, krev vi difor at det er vert utført tilleggsutgreiingar vedrørande kva negative effektar ein eventuell introduksjon av røye i Isdalsvatnet vil påføre økosystemet i området. Det må dessutan verta stilt krav om avbøtande tiltak, td. teknologi som hindrar overføring av røye. Vi har elles ingen merknadar ut over våre opprinnelege høyringskommentar.

Høringsuttale til BKK Produksjon AS sitt prosjekt i Vaksdal og Samnanger kommune, kvar BKK ønskjer å snu vatnet frå Vaksdals- til Samnangersida

Fossen+Lonane, Herfendalen

BKK Produksjon AS planlegg å overføre vatn frå øvre delar av Vaksdalsvassdraget til Samnangervassdraget for å utnytte vatnet i kraftverka der. Overføringane er berekna til å gje ein auke i kraftproduksjonen på 16 GWh. Søkjar har tidlegare trekt melding om overføring av ein større del av Vaksdalsvassdraget til Samnangervassdraget. Tiltaket er definert som eit opprusting og utviding (O/U)-prosjekt. Prosjekta gjeld overføring av vatna Flatavatnet, Klenavatnet og Smørtjørna til Herfangen. Det er planlagd å sleppe minstevassføring på 24 l/s frå Flatavatnet i perioden 1. mai – 30. september, tilsvarande 5-persentilen.

 

FNF Hordaland har fleire innspel til saka.

Innspel til kommunedelplan for små vasskraftverk i Samnanger kommune

Samnanger_kommune

 

FNF Hordaland er svært positiv til Samnanger kommune sitt initiativ til å utvikle ein kommunedelplan for små vasskraftverk. I innleiinga til planutkastet vert det skrive: "Kommunen ser no eit behov for å setja lys på status og verdiar i vassdraga for å sikra at utviklinga skjer i område med minst konflikt, og for å kunne peika på område som kan byggjast ut under særskilte vilkår. Gjennom ei heilskapleg og balansert forvaltning av vasskraftressursane vil kommunen sikra naturmangfald, friluftsliv, kulturmiljø og andre verdiar" (jf. del 1, s. 4 av 41). Planen vil kunne verta eit viktig verktøy å bruke i vurderinga av kvar småkraftverk kan byggjast i kommunen, og kvar konfliktgraden i form av natur- og friluftslivsverdiar er størst.

 

Det er på lokalt nivå at ein har høve til å gå i detalj og synleggjera avvegigane mellom bruk og vern. Fylkesdelplanen for små vasskraftverk for Hordaland 2009 – 2021 set overordna mål. Ein kommunedelplan kan utfylla det generelle biletet som vert satt fram i fylkesdelplanen med eit lokalt og godt dokumentert kunnskapsgrunnlag. Den tematiske kommunedelplanen for små vasskraftverk bør difor også synleggjera korleis den regionale planen "legges til grunn".

Høyringsuttale vedr. Skytjedal pumpe og kraftverk, Eidfjord kommune

Kongeørn

Stakraft Energi AS planlegg å pumpe tilsiget til Skytjedalsvatn til eksisterande overføringstunnel mellom Sysenvatn og Rembesdalsvatn for utnytting i Sy-Sima kraftverk. I planene inngår permanent heving av vasstanden i Skytjedalsvatn med 0,25 m. Produksjonsauken av tiltaket vil vere på 26,70 GWh. Tiltaket er definert som eit opprusting og utviding (O/U)-prosjekt.

 

FNF Hordaland rår frå å gje konsesjon til Skytjedal pumpe og kraftverk grunna vesentleg konfliktgrad med emner som ikkje i tilstrekkjeleg grad kan avbøtast, særskild ift. auke i områdets samla belasting, tap av opplevingsverdiar vedrørande friluftsliv (brukarinteresser) og landskap, potensielt tap av biologisk mangfald i samband med fossesprøytsona i Skytjefossen og fugl (kollisjonsfare med linenettet), samt negativ påverknad på anadrome bestandar i vassdraget.  

Innspel til planendring i samband med BKKs konsesjonssøknad for Beinhelleren pumpe, Vaksdal kommune

Flatekvalfossen Eksingedalsvassdraget (Foto Sveinung Klyve)

Rådgivende Biologers tilleggsrapport – Laks og sjøaure i Ekso og samla verknad – konkluderar under siste delkapittel Oppsummerande konklusjon (siste avsnitt, s. 8) med at "Laksebestanden slit sannsynlegvis framleis med låg sjøoverleving av heilt andre årsakar enn utbyggingane. Utbyggingane har samla sett hatt liten verknad på sjøauren i Ekso, og det er ikkje venta ei utbygging av Beinhelleren pumpe vil ha nok omeir enn "liten negativ" verknad og konsekvens for dei anadrome bestandane i Ekso".

 

Sjølv om konsulentrapporten forsøker å bagatellisere vasskraftutbyggingas påverknad på vassdraget, erkjenner rapporten likevel at ei ytterleg fråføring av vatn i Ekso vil ha "liten negativ verknad og konsekvens for dei anadrome bestandane i Ekso". FNF Hordaland meinar fremleis at ein ikkje bør fråføre meir vatn frå vassdraget, jf. naturmangfaldlovas §§ 9 og 10 og vassforskriftas §§ 5 og 12.

Utvikling av alpindestinasjon (Eidfjord Resort) i Sysendalen, Eidfjord kommune

Villrein - Foto - Per Jordhøi, Nina

Ei gruppe investorar og hytteeigarar i Sysendalen jobbar med prosjektet "Eidfjord Resort"; ein heilårs fjellandsby i Sysendalen. Det økonomiske anslaget for prosjektet er på 600 millionar kroner.

 

Prosjektet omfattar både leilegheitsbygg/hyttetun, butikkar, skiarena, ei rekke nye nedfartar, gondolbane, satsing på løypeanlegg, og ein restaurant/ kulturhistorisk museum.

Innspel gjeldande avvikling av ordninga med lokale energiutgreiingar

Etter gjeldande forskrift er det områdekonsesjonæren som har ansvaret for å lage lokale energiutgreiingar (heretter LEU) og halda møter, jf. forskrift om energiutgreiingar § 3.
 
Føremålet med LEU er at utgreiinga skal "øke kunnskapen om lokal energiforsyning,
stasjonær energibruk og alternativer på dette området", jf. forskrift om energiutgreiingar § 1. I utgangspunktet skulle LEU – saman med andre verkemiddel - også vera med å bidra til ei "samfunnsmessig rasjonell utvikling av overføringsnettet". Difor er det viktig at det føreligg ei god koordinering mellom planlegging på dei ulike nettnivåa; lokalt, regionalt og nasjonalt.
 
FNF Hordaland føreslår 5 forslag ang. lokale energiutgreiingar.

FNF Hordaland er kritiske til fleire av prosjekta i ei småkraftpakke på 12 kraftverk i Kvam, Samnanger og Fusa kommune

Padling_Fyksesund
FNF Hordaland er særs klar på at alle dei 3 prosjekta (4 kraftverk) i Fyksesund må verta avslått grunna høgt konfliktnivå med brukarinteresser (friluftsliv), landskap, naturverdiar (biologisk mangfald) og reiseliv/turisme, samt at den samla belastinga av planlagde og eksisterande inngrep er høg i nærleiken av Fyksesund (sjå tab. 1). FNF vurderer alle prosjekta i Fyksesund som dei mest kontroversielle i heile småkraftpakka, og ber om at NVE legg vekt på avslag vedr. alle fire kraftverka i dette området over avslag på andre prosjekt i pakka.

NVE anmoder Solvind Prosjekt AS om å trekke Ryvarden vindkraftverk i Sveio kommune

Foto: Staffan Sandberg

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) vurderer at en eventuell etablering av Ryvarden vindkraftverk medføre betydelige virkninger for natur og friluftsliv i området. NVE legger til grunn tiltakets potensielle virkninger for Ryvarden kulturfyr, som er et statlig sikret friluftslivsområde. I tillegg er det begrenset nettkapasitet i området for ny energiproduksjon. NVE konstaterer at Sveio kommune i utgangspunktet er negativ til en eventuell etablering av Ryvarden vindkraftverk. Tiltaket samsvarer ikke med kommunens interesser i området knyttet til friluftsliv og turisme. Med bakgrunn i ovenstående anmoder derfor NVE Solvind Prosjekt AS om å trekke prosjektet. Vi ber om skriftlig bekreftelse på at prosjektet trekkes innen 25.06.2014.

 

Dette er i tråd med hva FNF Hordaland skrev i sin høringsuttale om saken. "Vi ber NVE anmode Solvind Prosjekt om å trekke meldingen for Ryvarden vindkraftverk – dette prosjektet er ikke bare konfliktfylt for befolkning, friluftsliv, lokal næring, natur og tilreisende."

Høyringsfråsegn gjeldande søknad om utslepp av tunnelvatn og dumping av stein i Ringedalsvatnet i Odda kommune

Statskraft Energi AS søkjer om mellombels utslepp av prosessvatn frå sprenging av tunnelar og bergrom ved Ringedalen kraftverk i Odda kommune. Søknaden omfattar også dumping av om lag 70 000 m3 steinmassar i Ringedalsvatnet.

 

Anleggsperioden er planlagt frå juni 2014 til juni 2017. Avløpsvatnet frå tunneldrivinga skal gå via reinseanlegg, slam- og oljeavskiljarar før utslepp til Mosedalsbekken og Ringedalsvatnet.

Høyringsuttale vedr. melding om Blåura kraftverk, Hålandsdalen i Fusa kommune

SKL Produksjon AS og Fusa kraftlag SA vil gjennom Blåura kraftverk utnytte fallet frå Stolavatnet og Gurigrøvatnet ned til Gjønavatnet for å produsere 68,6 GWh kraft. Blåura kraftverk er lokalisert til grenda Gjøn aust for Gjønavatnet i Hålandsdalen, og fjellområder aust for dette. Det er planlagd dammar i Gurigrøvatnet og Stolavatnet i fjellet aust for Kikedalen, i tillegg til bygging av bekkeinntak ved Tågene og sør for Tågene.

SKL Produksjon AS ynskjer å bygge ut Fjellhaugen kraftverk i Kvinnherad og Etne kommune

Kommunekart Kvinnherad-Fjellhaugen

SKL Produksjon AS er eigar av og driv 5 kraftverk i Blådals­vassdraget i Kvinnherad og Etne kommunar i Hordaland fylke, med ein samla installert effekt på 360 mW og års­produksjon på om lag 1 300 GWh. Denne meldinga gjev ei oversikt over det planlagde utbyggingsprosjektet for eit nytt kraftverk, Fjellhaugen kraftverk, mellom Midtbotnvatn og Fjellhaugvatn.

Innspel frå FNF Hordaland vedr. rullering av "Klimaplan for Hordaland 2014-2030"

~Klimatiltak.jpg

FNF Hordaland er positive til at planen famner om temaene energi, klima og miljø, og vurderer desse områda under eitt på ein heilskapleg måte. I dagens samfunn er ein slik plan særs aktuell og viktig, og vi er positiv til fleire av måla planen uttrykker.

 

Under følgjer ein del innspel/kommentarer i stikkordsform, som vi ynskjer å formidle angåande planen.

Innspill til høringsutkast for "Hovedplan for avløp og vannmiljø 2014-2023" i Bergen kommune

~vannrammedirektivet_vann.jpg

FNF Hordaland har gitt Bergen kommune flere innspill angående vanndelen av høringsutkastet for "Hovedplan for avløp og vannmiljø 2014-2023" som har vært ute på høring med frist 11. april 2014.

 

FNF Hordaland ønsker en tydeligere og mer konkret linje når det gjelder status, mål og tiltak innenfor temaet vannmiljø (kapittel 5). Vi savner en kort oversikt ang. konkretisering av temaet; en konkret plan over hva status er i dag, hva som har blitt gjort, hvordan utviklingen har vært de siste årene, hva som er mål/konkrete planer fremover, hvordan det arbeides for å oppnå disse målene/planene. Vi savner en helhetlig plan angående kapittel 5 om vannmiljø, som vi tror vil styrke arbeidet og gjøre det lettere å se utfordringer og ikke minst løsninger på området. Selv om arbeid med forbedring av vannmiljø langs kyst og i vassdrag er tidkrevende, kompleks og har et økonomisk aspekt, mener vi det er forbedringspotensial når det gjelder koordineringen av dette arbeidet.

FNF Hordaland gjev innspel til kommundelplan for område Haukås i Bergen kommune

Elvemusling_Miljødirektoratet

FNF har inntrykk av at båe moglegheitsstudier og kommune har fokus på ein blågrøn struktur (Haukåsvassdraget) som den viktigaste verdien for Haukås-området. Vi ynskjer å kome med innspel på korleis dette kan ivaretakast på best mogleg måte. For å poengtere verdien av vassdraget påpeiker vi at i høyringsutkastet for "Hovedplan for avløp og vannmiljø 2014 – 2023" i Bergen kommune er Haukåsvassdraget angjeve som éitt av 10 satsingsvassdrag i følgje forvalningsplanen, som er ei vidareføring av "Hovedplan for avløp og vannmiljø 2005 – 2015".

FNF Hordaland ønsker ikke lakseoppdrett i Indre Hardangerfjord

Oppdrettslaks_Åsgeir Størdal_NJFF

Oppdrettsselskapene Lingalaks i Strandebarm og Alsaker Fjordbruk på Tysnes uttalte til avisen Hordaland (publisert på nett 04.03.14) at de er interessert i 15 mulige områder for utplassering av oppdrettsanlegg for laks i Eidfjord kommune, Ullensvang herad og Ulvik herad. Disse 3 kommunene har mottatt søknad fra oppdrettsselskapene om dispensasjon fra kommunale planer til etablering nye oppdrettslokaliteter. I Ulvik herad gjaldt dette områdene ved Smedvika/Vallavik og ut for Veaneset i Osafjorden, som heradet la ut for offentlig høring. Både Eidfjord kommune og Ullensvang herad har i løpet av mars 2014 avvist søknaden. Ulvik herad var den eneste av de tre kommunene, som la ut saken for offentlig høring med frist 8. april. 

 

FNF Hordaland påpeker at det er viktig å ta hensyn til naturmangfoldlovas § 10 som sier at en påverknad gjort på et økosystem skal vurderes ut frå den samlede belastningen dette økosystemet er eller vil bli utsatt for. Vi mener at grunnet dagens problemer rundt negative miljøkonsekvenser i oppdrettsnæringen mhp. forurensning, lakselus, rømning må grundigere og mer omfattende undersøkelser gjøres, som gir bevis på at lakseoppdrett, slik som den blir praktisert i dag, ikke fører til negative natur- og miljøkonsekvenser, for at man i hele tatt skal vurdere å tillate lakseoppdrett i indre Hardanger, jf. § 8-9 i naturmangfoldloven om hhv. kunnskapsgrunnlaget og føre-var-prinsippet. Vi er meget negative til at lakseoppdrett blir opprettet i indre del av Hardanger.

FNF Hordaland tilrår ikkje konsesjon til Isdal pumpe og kraftverk i Eidfjord kommune

~vann.jpg

Føremålet med ei konsekvensutgreiing er at den skal leggja fram avgjerdsrelevant informasjon. Vi meiner konsekvensvurderinga til Rådgivende Biologer (RB) har manglar når det gjeld: friluftsliv, fugl (f. eks. spelplassen til dobbeltbekkasin (Gallinago media)), temperaturopplysingane i lakseførande strekning i Bjoreio, og mangelfull informasjon gjeldande potensielle konfliktsoner. Vi vil gjera nærare greie for desse punkta vi vurderer som mangelfulle nedanfor. På grunnlag av desse manglane meiner vi at det som eit minstekrav må utførast tilleggsutgreiingar på aktuelle områder for i heile teke å ha eit grunnlag for å vurdere om Statkraft kan innvilgast løyve til utbygging av Isdal pumpe og kraftverk, jf. vassdrags-reguleringslova § 8.

 

Vi meiner at inngrepet vil medføra "skader og ulemper" for allmenne interesser på ein slik måte at føremonene ved inngrepet ikkje overstig desse. Særleg vil vi peike på at det omsøkte prosjektet vil medføre "skader og ulemper" for biologisk mangfald, friluftsliv og reiseliv/ turisme. Auka produksjon i Sy-Sima kraftverk tilsvarer under 0,7% av total eksisterande produksjon på 2158 GWh/år, og inngrepet utgjer difor ei svært lita auke i produksjon.

FNF Hordaland uttrykker bekymring over planer om bygging av vindkraftverk i Sveio kommune

Smøla vindpark.jpg

Norsk Vind Energi (Sveio vindkraftverk) og Solvind Prosjekt (Ryvarden vindkraftverk) ønsker å bygge ut vindkraftverk i Sveio kommune. På generell basis er FNF bekymret over vindkraftverk mht. arealbruk, forringelse av friluftsliv og (kyst)kulturlandskap, påvirkning på samfunnet vedr. støy og skyggekast, tap og påvirkning på biologisk mangfold. Hordaland fylkeskommune har gjennom fylkesdelplanen for vindkraft 2000-2012 gitt uttrykk for at vindkraftutbygginger bør unngås i områder med høyt konfliktnivå. I Klimaplanen for Hordaland 2010-2020 er et hovedhensyn at bruk av fornybare energikilder skal foregå uten tap av naturmangfold.

 

FNF Hordaland og FNF Haugalandet (et lokalt FNF i Rogaland) ber NVE anmode Solvind Prosjekt om å trekke meldingen av Ryvarden vindkraftverk pga. potensielt konfliktnivå med befolkning, friluftsliv, lokal næring, natur, tilreisende, samt det tragiske forliset av hurtigbåten M/S Sleipner ved Ryvarden fyr i 1999, hvor fyret, landskapet og minnesmerket etter ulykken ikke bør forstyrres av et vindkraftverk. Vi anbefaler også at NVE bør vurdere å be Norsk Vind Energi å legge sitt prosjekt i bero pga. potensielle konflikter med kystlandskapet i Sveio kommune.

 

Videre stilller FNF strenge krav om utredning av flere viktige punkter i en eventuell konsekvensutredning (KU).